Takk for sist!
1. mai

Open dag i gruo, 1. mai, er ein flott arena for å visa kva me driv på med. Mange besøkande kjem innom for å få seg ein kaffikopp og lappekake eller delta på nokre av aktivitetane me har for born. På den opne dagen i  2014 hadde både vevgruppa, keramikkgruppa og trearbeidsgjengen laga til ei flott utstilling i 2. etasje

Tysdagstreffet på tur til Lykling!
Tusen takk til Inger for at me fekk ein fantastisk kveld i Gullvegen. Felles transport med guiding på vegen, nydeleg fiskesuppe, kake, kaffi og hygggeleg samvære avslutta med ein nydeleg solnedgang- kvelden kunne ikkje vore betre 


Medlemsmøte 25. april 2013
Denne torsdagskvelden lukta og smaka det godt på medlemsmøtet. Vigdis og Grethe lærte oss korleis ein kan gjera seg nytte av ramslauken.  Nydeleg brød med ramslauksmør stod sjølvsagt på menyen, saman med loddsal og mykje god prat 
Tilnærma alle stolane i lokalet var besatt!
Blåturen 2012
Blåturen denne våren gjekk av stabelen torsdag 31. mai. 5-6 bilar drog avgårde på rad og rekke  og enda til slutt opp hos husflidslaget i Grinde. Der fekk me omvisning og eit godt bilete av eit aktivt lag i flotte lokaler God mat, drøs og mange idèar vart utveksla- i november har dei husflidsmesse, kanskje me skal ta turen igjen??
Husflidsdagen 2011
Husflidsdagen 10. september 2011
Tema: heile verda strikker!

Ein flott laurdag med god temperatur og rikt folkeliv i valkampavslutninga på Leirvik, troppa strikkeglade medlemer opp for å vise husflid i sentrum.
Mennene i laget stilte og sterkt med knivar og kiper.

Blåturen 2011

Tysdag 31. mai samla spente deltakarar seg ved lagslokalet, heile 37 i talet. Kor turen skulle gå var det mange som lurte på.... Vigdis leia vei, og turen gjekk i bil via Heiane, Sagvåg, Hustredalen og vidare til Litlabø og turens mål: Litlabø gruver!

Ein gjeng med blide gruveslusker tok i mot oss med sol frå blå himmel og veivande flagg på heishustrappa. Vel inne kom forteljingane trillande på ei snor, og me fekk eit levande innblikk i tida då gruvene var i drift.  Forteljingane fulgte med oss inn i gruvene for ei spennande omvisning, som vart avslutta med sang i det blå "rommet"

Tilbake i heishuset vart det servert nydeleg rømmegraut.
Ein utruleg flott tur var det, tusen takk til turkomiteen og Venelaget for gruvo for ei fantastisk oppleving

Fleire bilete frå turen finn du i galleriet!
Novembermøte-10

Fredag 26. november trossa ein god del av oss kulden ute, og hadde ein flott og varm samankomst i Hagerupshuset. Kursutstillinga frå 2010 vart opna, like flott i år og. Den viste nok ein gong stor kreativ aktivitet
i laget  Bilder fins i galleriet.

Johanne Øvstebø Tvedten underhaldt oss med levande forteljing om Madli under apalen - etter boka av Jens Tvedt.
Det var ei fryd å høyra!

Kvelden vart avslutta med god mat, god drøs og litt informasjon frå drifta av laget.

Vårmøte april-10
Lise frå Kvist og Kvast trylla med blomar med bakgrunn i det enkle og nære denne april-kvelden. Ho opna fleire auger for alt det vakre som fins i naturen kring oss, og ho lot lite gå til spille.Alt kan brukast var eit av mottoa me satt igjen med. Mange hadde funne vegen til lagslokalet denne torsdagen, og etter eit inspirerande foredrag vart det servert eit flott måltid mat. All ære til komiteen for kvelden!  
Jul på museet

Flinke husflidsdamer var med å laga til flotte førjulsdagar på museet helga 12. og 13. desember.
     Godt salg i husflidsbutikken vart det og 
tusen takk til alle som var med å bidrog på ulike vis!

Fleire bilder finn du i galleriet.
Medlemsmøte 20. november 2009

Fredag 20. november var det medlemsmøte og opning av kursutstillinga 2009 i Hagerupshuset.  Utflytta stordabu og faglærar i kunst og handverk Kathrine Gregersen, holdt eit inspirerande foredrag om gjenbruk for oss. Ho hadde med flotte gjenbruks-produkt , i tillegg til eigne bøker og spesialdesigna heklekrok laga av pappa Hans.
 Etterpå demostrerte Olaug kunsten med å lage mange snitter på ein gong, og sjølvsagt fekk me smake

Kathrine sine bøker, liggande på teppe hekla av gamle sengklede.
Ivrige damer i gjenbruks-prat!
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE