Stord Husflidslag

Stord Husflidslag vart starta i februar 1972. Den fyrste leiar var Selma Lønning.
Stord Husflidslag er i dag eit aktivt lag med nær 100 medlemmar og held til på Litlabø, i det gamle administrasjonbygget til Litlabø gruver. Der har me vevstolar og ein del anna utstyr, saman med litteratur til bruk for medlemmene. Nokre av kursa våre vert arrangert i lagslokalet, t.d. vev og bunadsaum. Laget har faste medlemsmøter siste torsdagen i månaden, samt ein sommartur i det blå.

Andre faste aktivitetar i laget er "vevtreff", tysdagstreff, strikkekafè og læringsverkstader (tidl.studieringar).
Sjå aktivitetar for meir informasjon.

Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE