Årsmelding

Årsmelding 2017

Årsmelding for Stord Husflidslag 2017

 

 

I 2017 har laget 104 medlemmar, fordelt på 101 kvinner og 3 menn.

Fylgjande kurs med lærar er avvikla : 4 stk.  bunadskurs- montering og brodering. Kipebinding, spinning, Hardangersaum, og trearbeid.

Det har vore organiserte studieringar innan : Keramikk, kniplingar/ nuperelle, strikking/ hekling, vev, brodering, og spinning.

Me har og hatt kveldskurs med Nina filtmaker, der me filta sjal og rullesteinar i ull.

På medlemsmøta, siste torsdag i månaden, har me hatt ulike aktivitetar som: Tvebands-strikk med husflidskonsulenten, Filting av vårblom med Nina Filtmaker, Kabylsk vev, flossvev, og laging av julekrans. Me hadde 7 medlemsmøter, med totalt 157 deltakarar.

186 medlemar og ikkje-medlemmar har delteke på tysdagstreffa. Der har ein tatt med handarbeidet, drukke kaffi med noko attåt, og drøsa med kvarandre. Det var totalt 22 tysdagstreff. Frå hausten 2017 vart det 3 treff i månaden. Det er ikkje treff den veka det er medlemsmøte.

15 juni hadde me medlemsturen. Den gjekk til Fjørsilkebris. Me var 30 deltakarar, som fekk ei fin sommar-avslutting.

Samarbeid med Sunnhordland Museum om Husflidsdagen/ Museumsdagen 2 september. Tema i år var «Torsken og torskefisket». Laget sine medlemar hadde ansvar for aktivitetane : Tova ein fisk, smiing av piggar til piggsvin, og kabylsk vev.  Me sto og for kafeen. 

Samarbeid med Sunnhordland Museum om Jul på Museet, 2 desember. Ein fin tradisjon med mange besøkande. Laget bidrog med aktivitetar : Smiing av nissar, strikking, toving, teikning, klipp og lim.

Av store hendingar i 2017 hadde me utdeling av Hedersnål i gull til Ragna Sørensen. Me hadde og utgivinga av nuperelle-heftet,som er ein

flott dokumentasjon på Raudlisteprosjektet til laget. Nuperellegruppa har fått forespurnad frå Hordaland Husflidslag om å halda kurs for dei.

Styret har hatt 8 styremøter og handsama 63 saker.

Laget har hatt deltakarar på årsmøtet i Hordaland Husflidslag på Osterøy, og på medarbeidarsamling i Bergen. På heimesida, http://www.stordhusflidslag.com/ og på facebook vert me oppdaterte på aktivitetar og kurs i laget.

 

Styret 2017

Vigdis Vatne, leiar

Heidi Haugland, nestleiar, nettansvarlig , og Ung Husflid-kontakt

Jorunn Kathrine Utslåttøy, studieleiar

Anne Hege Rogne, kasserar

Marit Johnsen, Styremedlem

Bente Alfarnes Johansen, styremedlem

Bente Hjøllo Kristiansen, skrivar

Evy Dybvik Fosse, revisor

 

Stord 24.01.2018

Bente Hjøllo Kristiansen

Årsmelding 2016

 

vaksne og barn. Barneaktivitetane dette året var spikking, brodering, papirarbeid og barnetombola.

Nuperelleteknikken har vore eit av raudlisteprosjekta til laget. Laget har fått anerkjenning og tilskot frå Hordaland Husflidslag til publisering av dokumentasjonen.

Styret har hatt 9 styremøter og handsama 61 saker.

Laget har hatt deltakara på årsmøtet i Hordaland Husflidslag i Rosendal og på medarbeidarsamling i Bergen.

På heimesida, http://www.stordhusflidslag.com/ og på Facebook vert me oppdaterte om aktivitetar i laget, kurs, o.l.

Styret 2016

Vigdis Vatne, leiar

Heidi Haugland, nestleiar, nettansvarleg og Ung Husflid-kontakt

Jorunn Kathrine Utslottøy, studieleiar

Anne Hege Rogne, kasserar

Marit Johnsen, styremedlem

Solveig Karlsen, styremedlem

Elisabeth Hjelland, varamedlem

Oddrun Øwre, skrivar

Evy Dybvik Fosse, revisor

 

Litlabø  23.01. 2017
Oddrun Øwre

Årsmelding 2015

Årsmelding for Stord Husflidslag 2015

 

Stord Husflidslag har 104 medlemar Året 2015 har vore eit travelt og spennande år med mange ulike aktivitetar. Fylgjande kurs med lærar er avvikla: Kvitsaum til Sunnhordlandsbunaden, bunads- og bregdaband, bunadssaum og sykurs.

Organiserte studieringar innan aktivitane vev, knipling, keramikk, strikking og hekling har gjeve inspirasjon, hygge og ny lærdom.

På medlemsmøtene, siste torsdagen i månaden, har me hatt ulike aktivitetar som toving av pulsvarmera, nålefilting av egg, fletting av pil, toving av perler rundt sugerør, laging av kransar og demonstrasjon av fårerull-laging.

350 medlemar og ikkje-medlemar har delteke på tysdagstreffa til gjensidig inspirasjon, deling av kunnskap og utprøving av ulike teknikkar og aktivitetar. Ein av tysdagane vart nytta til dugnad inne og ute med godt oppmøte. På eit av dei andre treffa var Bømlo og Fitjar Husflidslag invitert. Fokus var ulike raulisteteknikkar.  Avisa Sunnhordland var tilstades og laga ein fin presentasjon av dei ulike teknikkane.  Stord Husflidslag har fylgjande raulisteteknikkar: Farging med steinlav og nupereller.

Også i år har det vore samarbeid med Venelaget for Gruo om 1. mai arrangementet. Barneaktivitetar som strikking av sommarfuglar, papirbretting og laging av hoppetau. Sal av lappakaker, kaffe, saft og utstilling av kofter, vev og keramikk.

I mai gjentok me invitasjonen til seniorane i laget til ei hyggeleg stund rundt eit måltid varm mat.

Medlemsturen i år gjekk med buss til Stavanger med 17 deltakara. Inspirerande besøk på Ledaal teppeveveri, Ullform og Stoff og Stil.

Samarbeid med Sunnhordland Museum om Husflidsdagen 5. september og Jul på museet 5.og 6. desember, er ein fin tradisjon med mange besøkande vaksne og barn.

 

Styret har hatt 8 styremøter og handsama 59 saker.

Laget har hatt deltakara på årsmøtet i Hordaland Husflidslag i Bergen og på medarbeidarkurs på Voss. På heimesida, http://www.stordhusflidslag.com/ og på Facebook vert me oppdaterte om kurs, aktivitetar o.l.

Styret 2015

Vigdis Vatne, leiar

Heidi H. Berg, nestleiar, nettansvarleg og Ung Husflid-kontakt

Jorunn Katrine Utslottøy, studieleiar

Helga Yttredal, kasserar

Solveig Karlsen, styremedlem

Torunn Oma Jensen, varamedlem

Oddrun Øwre, sekretær

Linda Didriksen Almås, revisor

 

Litlabø  27.01. 2016 Oddrun Øwre

Årsmelding 2014

Årsmelding Stord Husflidslag 2014

Torsdag 5. februar 2015 vart det halde årsmøte i Stord Husflidslag.

Laget har 98 medlemar pr 30.12.2014.

Me har hatt enda eit travelt og kjekt år i våre lokaler i Gruva. Me har hatt mange ulike aktivitetar som kurs,  studieringar i vev, småsløyd, hekling/strikking, keramikk og knipling. På medlemsmøtene har me hatt om  ulike tema. 1. mai hadde me Open dag i samarbeid med venelaget for Gruo, der me hadde mange aktivitetar for barn. Det var og sal av lappekaker, kaffi og saft, og flott utstilling ved studiegruppene. I mai var seniorane i laget inviterte til middag i lagshuset for å sjå korleis me har fått det her. Det er alltid mange innom på tirsdagstreffa. I september var me på besøk til Fitjar Husflidslag der me lærte om «kastet frå Aarskog museum». Strikkekafeen på museet er og populære føremiddagstreff. 

Kurs som har vore gjennomførde er bl.a. bundadsaum, plantefarging, bunadband/bregdaband og vevkurs for nybyrjarar. Lørdag 14. juni reiste me på tur til Hillesvåg Ullvarefabrikk. Der var det omvisning i fabrikkutsalget, museet og butikken. Slike turar er eit viktig bidrag til aktivitet og sosialt fellesskap i laget, og me ynskjer enda fleire med neste gong. Den årlege Husflidsdagen og Jul på Museet som me arrangerer i lag med Sunnhordland Museum, er ein fin tradisjon der det kjem veldig mange besøkjande. Det er viktig å ta vare på gamal kunnskap om handarbeid og husflidsteknikkar, difor har me meldt inn nuppereller og farging med steinlav til Raudliste-prosjektet. Desse teknikkane skal me dokumentera både skriftleg og i bilder.

 

Styret 2015:

Vigdis Vatne    leiar

Helga Yttredal   kasserar

Heidi Haugland Berg  nestleiar/nettansvarlig

Torunn Oma Jensen  varamedlem

Jorunn K. Utslåttøy  styremedlem

Solveig Karlsen  styremedlem

Oddrun Øwre   styremedlem

Linda Didriksen Almås revisor

 

Stord Husflidslag.

Årsmelding 2013

Årsmelding Stord Husflidslag 2013

Laget har 100 medlemar pr 30.12.2013.

 

Me har hatt eit travelt og kjekt år i våre nye lokaler i det gamle administrasjonsbygget i Gruva. Me har hatt mange ulike aktivitetar som kurs, basar, studieringar i vev, småsløyd, hekling/strikking, keramikk og knipling. Medlemsmøtene ein gong i månaden har vore prega av ulike tema og 15-20 stk har møtt kvar gong.  Tirsdagstreffa, Idè og kreativ, har vore veldig populære. Det har vore over 400 medlemar og ikkje-medlemar innom til hyggelege ettermiddag- og kveldstunder i lokalet vårt dette året. I midten på mai hadde me besøk frå Comalapa med ordførar Liv Kari Eskeland i spissen. Me arrangerte og basar i mai med mange flotte gevinstar i heishuset der rundt 120 personar møtte opp til ein triveleg ettermiddag. Me serverte kaffi, kaker og lappekaker. I mai og september arrangerte me open dag i samarbeid med Venelaget for Gruo. Då hadde me ulike aktivitetar for barn som hoppetaulaging, slyngestokkar og laging av skatteposar. Desse dagane stilte me ut nåleputer, pyntehandkle til kjøkken, forkle og gamle kleshengarar med logo på. Husflidskonsulenten i Hordaland, Hege-Therese Nilsen, var med oss på open dag i mai. Strikkekafeen på museet er og populære føremiddagstreff.

Kurs som har vore gjennomført er bl.a. bundadsaum og bunadjakke, plantefarging, bunadband/bregdaband, spinning og vevkurs for nybyrjarar.

Blåturen i juni gjekk først til Kunsthuset på Almås der Per Flatøy fortalde om kunsten sin, og Claus Arvid Almås viste knivarbeid. Etterpå gjekk turen til  Madli Martens der me fekk sjå vevearbeidet hennar. Til slutt enda me opp i lagslokalet vårt der det vart servert mat.

Søndag 20. oktober var det Medarbeidarsamling for Hordaland fylkeslag i våre lokaler, der 17 stk frå heile Hordaland møtte. Det vart informert om ulike saker av husflidskonsulent Hege-Therese Nilsen og Kristi Nilsen. Den årlege Husflidsdagen og Jul på Museet som me arrangerer i lag med Sunnhordland Museum, er ein fin tradisjon der det kjem mange besøkande. Årsmøtet i Hordaland Husflidslag var lagt til Ulvik, me hadde tre utsendingar der.

Det har vore mange dugnadtimar utvendig på huset. Huset har vore skrapt, vaska og mala. Blomebeda har blitt rydda og stelt. Vinduskarmane inne vart og skrapa og mala.

På heimesida vår; stordhusflidslag.com, vert me oppdatert på kurs, aktivitetar o.l. av nettansvarleg Heidi H. Berg.

 

Stord Husflidslag har i 2013 hatt 5 styremøter, og handsama 41 saker.

 

 

 

Styret 2013:

Leiar:                          Vigdis Vatne

Nestleiar:                    Reidun Karin Nes

Skrivar:                       Reidun Andersen Lauksund

Kasserar:                     Helga Yttredal

Studieleiar:                 Ingrid Nesse Straume

Styremedlem:             Solveig Karlsen

Varamedlem:             Grethe Birkeland Tyse

Revisor:                       Linda Didriksen Almås

Årsmelding 2012

Årsmelding for Stord Husflidslag

Torsdag 31. januar 2013 vart det halde årsmøte i Stord Husflidslag.

Laget har 99 medlemar pr 31.12.2012.

2012  var eit travelt år for laget. Me flytta frå Tverrgardsvegen til nye lokaler i det gamle administrasjonsbygget i Gruva. Det har vore mange dugnadstimar for å pusse opp romma slik at dei vart formålstenlege for laget. Samarbeidet med Venelaget for Gruo er særs godt, me er blitt teken imot på beste måte.

Samtidig med dette arbeidet, har det vore kurs som har vore gjennomført. Bl.a. bundadsaum, saum av klede, bunadband/bregdaband, nunofilting og vevkurs for nybyrjarar.

Studieringar i vev, knipling, keramikk, trearbeid, strikking/hekling har og gått sin gong.

Laget har aktivitets-kafé kvar tirsdag kveld, desse treffa er ope for alle.  Strikkekafeen på museet er og populære føremiddagstreff.

Ein kveld i månaden er det medlemsmøte , der mange medlemar møtes til ulike aktivitetar.

Blåturen gjekk til Tysvær der me var på besøk til Tysvær Husflidslag og såg korleis dei har det.

Den årlege Husflidsdagen og Jul på Museet som me arrangerer i lag med Sunnhordland Museum, er ein fin tradisjon der det kjem mange besøkande.

Etter valet er styret sett saman slik:

Leiar: Vigdis Vatne

Nestleiar: Reidun Karin Nes

Skrivar: Reidun A. Lauksund

Studieleiar: Ingrid Nesse Straume

Kasserar: Helga Yttredal

Styremedlem: Solveig Karlsen

Styremedlem, vara: Grete Tyse

 

Stord Husflidslag.

 

Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE